fredag 29. mars 2013

Veke 13

Vekas bilete er eit forsøk på å ta vidare ei minneverdig stund ein tidleg marsmorgon ved Revholstjønna nedom Dalsnuten - ein fjelltopp utom Sandnes med utsyn utover Jæren, Nord-Rogaland, Ryfylke, Nordsjøen......

Enno ligg isen tjukk. Nattetemperaturen var nede i minus 8 grader denne natta - kaldt til mars å vere. Sola stig over fjella og solvarmen gir lyd til isen.  Høyrer det på veg ned frå Dalsnuten.  Umerkelege små knepp, lågmelte sukk, smell som rifleskot - kraftge drønn som ber over vatnet og utover dei brunsvidde lyngheiane. Så meir lågmelte lydar som stig og synk - akkurat som isen syng solas pris eller er det ein klagesong?  

Blir sittande i strandkanten lenge og lar meg fasinere av denne naturkonserten - det er vinter og vår som utkjemper ein kamp.  Enno er isen tjukk og går av med seieren denne morgonen- men resultatet er heldigvis gitt.

1 kommentar:

  1. Fint bilde og nå fungerer kommentarfeltet også :-) Ha en god dag. klem gunnhild

    SvarSlett