lørdag 27. juli 2013

Veke 30

Nord for Aursunden ligg Klinkenberg gruve - ei av dei mindre kjende kobbergruvene i distriktet.  Men likefullt med ei historie som går nesten attende til oppstarten av Røros kobberverk i 1644.  For å kome dit kan ein starte frå Jamtvollen ved Aursunden.  Herifrå er det merka sti heilt fram til gruva som ligg på ca 900 m høgd.  Frå gruva er det ein utruleg utsikt spesielt sørover med Hummelfjell, Tron. Sølnkletten, Rondana og mange fleir.  Siterer frå databasen til NGU: Klinkenberg gruve eller Klinkengruven var en de mindre gruvene til Røros Kobberverk for utvinning av kobbermalm. Gruven ligger på snaufjellet i Klinkenhåmmåren tre km nord for Aursunden og ca 22 km nordøst for Røros. Gruven hadde periodevis regulær drift i årene 1668-1892 og forsøksdrift 1906-07. Til sammen ble det tatt ut ca. 1600 t kobbermalm (med ca. 3% Cu) og 1400-2000 t svovelkis (med ca. 2% Cu). Forekomsten ble funnet i 1668 og ble drevet i en rekke korte perioder: 1668-86, 1688-91, 1746-71, 1793-1801, 1815-31, 1837-40 og 1881-91. De første årene ble forekomsten drevet av Øresundske Kobberverk, før Røros Kobberverk overtok i 1693 og drev frem til 1831. I 1837 overtok Klinkenberg Interessentskap, men fikk ikke smeltet malmen, så Røros Kobberverk overtok rettighetene igjen i 1840. I 1881 gjorde kobberverket en avtale med gårdbrukerne i området som fikk forpakte gruven og levere malm til kobberverket. Dette pågikk fram til 1892, da gruven ble nedlagt. Forsøksdrift i 1906-1907 førte ikke til ny drift av gruven, ettersom den lå for langt unna smeltehytten i Røros til at driften kunne lønne seg.  http://aps.ngu.no/pls/oradb/minres_deposit_fakta.Main?p_objid=4396&p_spraak=N

Biletet er frå ein av dei mange gruveåpningane - fargespelet i fjellet er spennande.  Her må eg attende med meir og tyngre fotoutstyr og ikkje minst stativ. Frihandsfotografering duger ikkje her.

Veke 29

Linnaen har trivdes i år.  Skogbotnen har mange stader vore kvit av denne litle blomsten.  Vakkert - men det mest imponerande er lukta.  Lenge før ein ser dei kjenne ein ei  tung blomsterlukt med eit snev av vanilje... 

lørdag 13. juli 2013

Veke 28



Kajakktur på Lysefjorden. Lysefjorden – 45 km lang - ligg eit par mil aust for Sandnes og er for mange kjent for Prekestolen og Kjerag. Kajakkane – Vanntrivsel II og Vanntrivsel IV – blei satt på sjøen i utløpet av fjorden og med sol frå nesten skyfri himmel padla me – Øystein og eg - innover fjorden.

Naturen er variert – bratte skogslier, ein og anna gard oppi lia med sti og taubane som kontakt med verda. Bratte fjell med forrevne fjellsider – minner her og der om Finnmarkskysten med sine kjeiler. Andre stader går dei blankskurte grå fjellsidene heilt ned i fjorden.


Prekestolen høgt der oppe – masse folk sat på kanten – avisa meldte om at denne dagen var det fleire tusen der oppe. Sett frå ein kajakk kjennes det langt opp dit – mon tru om dei såg oss?

Andre stader ligg det gårder nede ved fjorden. På Kallali var me innom for å få vatn. Berre ein innbyggar er bufast her no – ho sa at det var ein trygg og god plass å bu. På andre sida av fjorden ligg garden Kallastein – fråflytta og til nedfalls.

Vi padla forbi Flørli – kraftstasjon no kjent for kunstgalleri, kafe og 4444 trapper langs røyrgata opp på fjellet. Ca ei mil frå Lysebotn snudde me og kryssa fjorden i passe motvind og bølger. Herleg når sjøane slår over kajakken!

På Songesand fann me teltplass og dagen blei avslutta på bryggekanten med reker, kongekrabbe og godt øl.

Neste dag var overskya med skyene trykka godt nedetter fjella. Ikkje før me gjekk på land i 14-tida letta dei. Hurtigbåtane gjekk i skytteltrafikk innom fjorden denne dagen – tydelegvis ein cruisebåt i Stavanger. Og me blei fotografert…..

Anna å nevne: Dyrelivet med havørn, ærfugl, teist og steinkobbe. Og sist men ikkje minst fargen på sjøen – turkisgrønt med eit gråskjer.

søndag 7. juli 2013

Veke 27

Ein liten kveldstur på slutten av sundagen og veke 27. Sola har kommet og gått i dag - varme stunder avløyst av mørke skyer og kaldtrekk frå nord.  Utpå kvelden stilna vinden og sola braut gjennom.

Sola skein ei kort stund gjennom tyrihjemen og laga ein røntgenverknad kor struktur og form til denne høgreiste planten blei framheva.

Kveldsturen blei avslutta med observasjon av ein bøkesongar med mat i nebbet - andre hekkefunn på Røros.

tirsdag 2. juli 2013

Veke 26

Endeleg blei det tid til ein kajakktur. Som så mange gonger før gjekk turen til Tufsingdalen - denne gong med min lekre nyinnkjøpte Valley Etain. Nedre delen av elva Tufsinga egner seg utmerka til kajakkpadling -  herleg å la kajakken gli nedetter elva, gjennom naturreservatet Tufsingdeltaet og ut i Femunden.

Målet for turen var ein holme ute i sjøen med utsyn mot Svuku i nord  og Rendalsølen langt i sør. Her blei teltet sett opp på ei "måssåseng", bål blei tent og til storlomens rop gjekk eg inn i natta.  Natt og natt - rett mørkt blir det jo ikkje no.  Fargane dempes, andre nyanser kjem fram.  Landet her er grått og sommaren greier ikkje endre så mykje på det. Den næringsfattige sparagmitten gir ikkje voksegrunnlag til ein overdådig flora. 

Femunden er dei store mjuke formenes landskap - eit landskap med eit feminint preg.  Godt å la blikket kvile på Svuku og den store vassflata.  Blir fred i sinn og sjel av slikt!

Litt folkeopplysning: Femunden er sannsynlegvis ei avleiing av ordstamma feim -  ’skum’.  Femunden tyder då Sjø som skummar.  Og dei som har vore utpå sjøen når det bles fort opp skjøner namnet.  Og feim har vel noko felles med det engelske foam?

Og då var blogginnlegg nr 26 ferdig og eg er halvvegs i dette prosjektet. Så langt har det gått greit sjøl om det stort sett blir på slutten av veka at bilete tas. Eg hadde håpa på meir tid tiil å fotografere og meir ro og konsentrasjon om fotograferinga.  Med noko få unntak har det desverre ikkje blitt slik.  Så det får bli målsettinga for neste halvår. Takk til dokk som er innom bloggen og gir meg tilbakemeldingar. Set pris på det!det!