onsdag 14. august 2013

Veke 32

For tredje år på rad arangerte eg grunnkurs i kajakkpadling på Røros;  fem deltakarar og Leif Tofte frå Trondheim som instruktør. I år hadde eg med meg fotoapparat - ei utfordring det når ulike redningsteknikkar inngår i kursprogrammet og sjansen for ein velt er tilstades.  Men eg kom “tørrskodd” frå det og fekk mine bilete.

Første dagen var det  gjennomgang av grunnleggande teknikkar i fint vindstilt rørosver på Gjettjønna. På dag 2 forflytta me oss til  Synnervika.  Me hadde knapt fått kajakkane utpå  Femunden før himmelen åpna seg.  For ei stund var det meir vatn i lufta  enn i  Femunden.  Fasinerande å sitje i kajakken når veret er slik - ein sit tørt i ei verd som er så blaut så blaut.

Og kurset var vellukka - eskimopadling, kanting, sculling, kameratredning, åreposeredning, sidevegs forflytning og mykje meir - og ikkje minst god stemning.

torsdag 8. august 2013

Veke 31

Ei vekes kajakktur til Roslagens skjærgård i Sverige og til Ålands utrulege øyrike.  Padling her kan anbefalas!!   Det er "tusenvis" av holmer og skjer og ein kan sikkert padle i vekesvis og stadig finne nye stader.

Det er avgrensa kor mykje fotografering det blir når ein sit nedi kajakken.  Perspektivet frå kajakken – knappe meteren over vassflata, ofte uroleg hav med skiftande perspektiv og horisontar  – gjer det vanskeleg  å ta bilete.  Og når eg denne gongen i tillegg padla på eigen hand, var det ingen andre å fotografere heller. Bileta blir mykje frå land og med bruk av fjernutløysar. 

Været var både og desse dagana med mykje regn og periodevis vind. Brukte litt tid på å tørke opp både padlekler og telt.  Men det er jo gløymt når ny dag kjem og det er sol på himmelen.
  

Fuglalivet var overraskande rikt på Åland med havørn, sjøorre, siland og terner som karakterarter.  Sjøorren - ei and - hadde nettopp klekt og det var kull overalt.  Fasinerande men rått å sjå korleis gråmåse og svartbak gjekk fram for å fange små ungar: Stupte gong på gong ned mot ungane som dukka.  Så snart dei kom opp var måsen der, nytt dukk... og tilslutt plukka måsen opp og svelde ein utmatta unge.