onsdag 27. februar 2013

Veke 9

Skitur etter jobb. På veg ut heimafrå stappa eg turkameraet - Nikon D3200-  i sekken saman med kaffikjel og dunvest. Ved Grådalsvegen mot Femunden spente eg på skia og gjekk opp mot snaufjellet. Sola skein endå på Viglana - grensefjella mot Sverige. I skogbandet klatra eg opp på ein stor stein som raga i terrenget. Her stod eg i tre kvarter og fulgte lysspelet på Viglane.

Ei fredeleg stund - roa senka seg over landet her i aust.  Bjølleklemt frå reinflokken som beita nede i skogen, to reingjetarar kjørte forbi på veg ned frå fjellet, skuterduren blei avløyst av nye bjølleklemt og så heilt stillt att. Kulda kom sigande og solskinet på Viglane blei sakte svakare for til slutt å forsvinne heilt og sleppe til blåtimen.

Veke 8

”Fra 1854 av skal der i Røros avholdes et marked der begynder næst siste tirsdag i februar Måned og varer til den påfølgende fredag.” Kongelig resolusjon, 1853.

Eigentleg har eg ikkje hatt noko spesielt forhold til martnan i dei åra eg har budd på Røros.  Eg har  med undring betrakta rørosingens opprømthet og barnslege iver når det nærmer seg denne vinterveka.  Men eg må innrømme at eg  lar meg meir og meir fasinere av martnan, av menneskemengden, dei mange ulike typane som er innom byen, det store vareutbodet og folkelivet - dei mange som skrur av tida og berre lever med.

tirsdag 19. februar 2013

Veke 7

Biltur fram og tilbake over Langsvola (1 000 moh) på grensa mellom Røros og Tydal kommunar på to dagar med klårver og snøfokk.  Fasineranda å sjå fjella som er delvis klåre og i neste øyeblikk skjult bak snøfokk og skyer for så og dukke fram att over skyer og fokk som eit fatamorgana.  Vinterdrakten til fjella er ein annan enn sommardrakten.  Snøfokket visker ut konturar og gjev bileta eit maleripreg.

Veke 6

Skitur etter jobb oppmed Storwartz - ein ettermiddag med snømørke.  Ikkje ein kontrast på den kvite flata - oppover kjennes ut som nedover og nedover - kor er det? Ei lita revne i den grå himmelen - og plutseleg lever landskapet.  Søkk, snødekte steinar, små toppar, skavlar og skispor kjem fram - og det kjennes trygt å gå att.

Veke 5

Litt bakpå med prosjektet, og eg endte opp med å bare måtte ta eit bilete på veg nedetter Gauldalen ein tidleg morgon etter eit snøfall. Ikkje gode fotoforhold:  Full blendar åpning, full tele (300mm) på zoomlinsa og 30-delssekund på frihand. 

Sola var i ferd med å lyse opp toppane - eit gyllent lys der med blåstikk nedover dalsidene. Det har vore sagt før - det er noko fredeleg og harmonisk over snødekt skog.

Veke 4

Tilbake på Jæren. Det hadde vore kaldt lenge i Rogaland. Eg hadde tatt med mine "långskridskor" for isane låg flotte, trygge og innbydande. Draumen var ein lang lang tur utover Orrevatnets uendelege flate.

Men eg kom litt i seinaste laget. Kaldveret hadde trukke seg nordover. Orrevatnet hadde fått eit lite dekke med blaut snø og overvatn. Vinden kom frå sør saman med regn og sludd. Men tur blei det - frå Hodne til Ljoshaug  og attende. Kan hende var dette ein "Once in a lifetime-tur?

Veke 3

Biltur etter arbeid langsetter Aursunden og inn i Ridalen. Målet var solnedgang men tåkeskyer i horisonten sette ein stoppar for det.

Det er framleis godt vinterver med rundt 25 minusgrader. Naturen er roleg på denne tida - stille spor etter hare og rev mens ei og anna rype bryt roen i det ho letter. 

Sola tryller fram konturane i dei snødekka fjella nordom Rien og legg eit gyllent skjær over det heile.

Veke 2


Frå Jærens blaute og vindfulle kyst til Rørosviddas klåre og høge himmel og talrike minusgrader. Kort ettermiddagstur opp på Storwartz - minus 30 nede i byen og minus17 her oppe samt eit gnistrande skiføre.  Bygningane på gamle Storwartz er eit motiv som trekker, og som endrer seg frå time til time og etter kor fotografen står.

Veke 1

Eg tilbrakte første veka av 2013 på Sandnes.  Det var ei veke med deprimerande ver - vind høyrer til Jæren og det gjer forsåvidt regnet og. Men dag etter dag med dette kombinert med eit svert lågt skydekke - då blir det tungt ver!

INTRODUKSJON

Eg fotograferer ein del - men er "frustrert" over ikkje å kunne sette av nok tid til foto. Stort sett blir det fotografering i rykk og napp i forbindelse med helge- eller ferieturar.  Fotografering blir i alt for stor grad eit overskotsfenomen.

For 2013 har eg sett meg eit mål om at eg minst ein gong i veka skal ta med kameraet ut - derfor tittelen på bloggen 2013 - veke for veke. Konkret for eigen del skal dette ende opp med ei fotodagbok med 52 dobbelsider - ei dobbelside for kvar veke med ein tilhøyrande kort tekst. Tema for bileta vil variere etter tid og stad, men målet er at eg skal bli meir bevist i val av motiv og tema. Bloggen er ein annan del av prosjektet - vise bilete på eit anna media enn eigen pc!  Så langt er eg i rute og i løpet av kort tid skal eg ha lagt ut bilete og tekst slik at bloggen er oppdatert.