søndag 29. september 2013

Veke 39

Morgonstund på Langsvola mellom Røros og Tydal. Lauvet er vekke her oppe i 900 m høgd - landskapet er "fargelaust" og nakent. Snøbyger driv forbi men enda det blir lite snø på bakken.  Oppe i Kjølifjella blir snøen liggande. 

Ja det er grått her - men fargelausheten er  fasinerande på sitt vis. Gir ein seg tid trer  nyansane og sjatteringane i landskapet fram.  Inni skogkrullane er det framleis farger på skrubbærlauvet. Ei og anna rogn med lau på lyser og opp. Myrene med sitt gulbrune tørrgras trer fram og skaper variasjonar.

Ein fjellvåk glir forbi, stopper opp, "stiller" på jakt etter eit eller anna levande på bakken. (Noko må han finne for han er på same stad på ettermiddagen og.)  Nokre trosteflokkar - gråtrost og rødvinge - trekker forbi,  skjeiner i veg på “trostevis” ... ... Eit par heipilerker  gir lyd frå seg i det dei flyg over men ellers er det tyst. Naturen går på låggir no.

søndag 22. september 2013

Veke 38

Haust var temaet for fotograferinga denne veka.  Tanken var å gjere noko utav lauvet som dett nå. Men eg endte opp med eit tradisjonelt haustbilete frå eit av dei finaste utsynspunkta i distriktet - ovom Oskjerka med utsyn sørover dalen.  Det er vidt her,  roleg landskap, godt å la blikket kvile - enten det er på Hummelfjellet, Glåma eller Tron der sør i horisonten. Haustfargane på fjellbjørkeskogen aner me så vidt mellom Hummelfjellets lavvidder og furuskogen ned mot dalbotnen.

søndag 15. september 2013

Veke 37

Inspirert av den den svenske boka KOR - en kärlekshistorie som kom ut i 2012 gjekk eg opp i Småsetran for å fotografere Røroskua.  Om dei er vant til å bli fotografert veit eg ikkje men i allfall oppførte dei seg avslappa og var fotogene.




Veke 36



Hitterelva har fått renne “ufotografert” heile sommaren forbi huset mitt.  Men elva har ikkje vore glømt - elvesusen er der heile tida og er vanskeleg å skru av.

Ein tidleg morgon klatrar eg ned og tar meg oppover langs elva eit stykke. Elva er langt snillare no enn då eg sist fotograferte her. Med stativ og lange lukkertider freister eg å feste morgonstunda til minnebrikka.  

Veke 35

Ikkje så mykje tid til å fotografere denne veka. Kameraet blei tatt med på kajakktur på Femunden.  Skydekket låg lågt, regn i lufta og grått og konturlaust.  Ikkje før det tok til å mørkne skein det opp litt i vest og og eg knipsa mot horisonten på frihand og med lange lukkertider.  Resultatet blei så som så men eg likte det!

Veke 34


Tur til Prestodden ved Femunden for å hente (eller plukke som mange seier) blåbær.  Stor og fin bær overalt; det blir nærare 15 liter før eg gjer meg. Koselegt arbeid.

Det er no likevel kveldsstunda med bål og “havblikk” utover Femunden som gjer turen minneverdig. Tida stopper opp - det er nesten stilt; svak motorlyd frå ein båt på andre sida av sjøen, småspovar på trekk sørover fløyter til kvarandre; det er dei siste som gir seg i veg no. Ei og anna strandsnipe blander seg inn i koret.  Når mørket sig på høyres storlomens knurrende lokkelyd - kaorr kaorr... utpå sjøen.  Ein lom drar og til med det karakteristiske og klangfulle ropet før det blir heilt stilt. Ein god og trygg stillhet.


Veke 33

Eg er medlem i Warm Showers - a community for touring cyclists and hosts.  Tanken er at syklistar kan treffe likesinna, bu hos dei eit par dager;  dusje og vaske klede - luksus for ein touring cyclist!  På mine sykkelturar har eg aldri nytta meg av tilbodet, men i løpet av åra har eg hatt fleire besøk.

Sist helg budde Sofie Vanmaele frå Antwerpen i Belgia her.  Ho er på ein 45 dagers sykkeltur i Norge.  Å sykle åleine synes nok mange er spesielt, og det er nok ein måte å reise på som  ikkje så mange kjenner seg fortruleg med.  Undervegs treff du mykje folk og kjem opp i artige situasjonar.  I Trysil traff Sofie det ungarske fluefiskelandslaget som låg i treningsleir der. Ein stad rundt sørenden av Femunden fekk ho oppleve ein moskus som kryssa vegen like framom seg.  Frå Røros gjekk turen vidare mot Trondheim over Langsvola.