søndag 28. april 2013

Veke 17

Tidleg morgonstund på Korssjøfjellet. Kalenderen viser at mai er her snart, men framleis er det mykje snø. Frå aust kom ein kald vindtrekk og termometeret viste 8 kalde grader.

Formålet med morgonturen var å fotografere Hummelfjellet og Skalet når dei første varme solstrålene treff fjella.  Men som det ofte skjer - skyer i aust sette ein stoppar for det og eg endte opp med vintebilete som eg har ein del av allereie.

Det plar vere mange lydar - vårlydar - på denne tida som trane og rype. Men naturen var roleg  - kun ein ringtrost sang vårens pris.


fredag 26. april 2013

Veke 16


Vinkelrett på hovedhuset i Sleggveien 8 ligg uthusrekka med fjøs, stall, uthus og utedo.  Fjøset er så lågt under taket at kun små røroskyr kan kome inn. Husa danner ein vegg mot slegghaugane og gjer  bakgården fin og lun.

Å studere veggane ut mot gården er ein studie i oppfinnsomhet og nøysomhet. Dei fleste materiala ber preg av å ha vore nytta opp til fleire gonger.  Med dagens termer ville vel ord som kreativitet og bærekraft vore dei rette å bruke.




lørdag 20. april 2013

Veke 15

Ei veke med fokus på flytting til mitt nye hus i Sleggveien mitt i verdensarven! Ser eg ut av eine kjøkenvinduet ser eg rett på denne kjente husrekka i skyggen av slegghaugane - ... eit motiv mange besøkande hit fester til minnebrikka. Og utsynet frå andre kjøkenvinduet er Bergstadens Ziir. 

Vinteren slapp ikkje heilt taket. Sundag morgon viste termometeret minus 14 - men utover dagen kom litt av styggveret langs kysten hit og temperaturen steig 20 grader.

onsdag 10. april 2013

Veke 14


Det er ei utfordring å ta bilete kvar veke; finne tid, finne motiv. Denne veka blei det sundag før apparatet blei henta fram.  Og motivet blei vindua bak i gården der eg har budd dei siste to åra.  Vindua i uthusa er gamle med bukla glass og speglar omverda på ulike måter etter lys og vinklar. Eit motiv med mange muligheter dette - kor skal fokus ligge; på vinduoverflata eller på speilbilde, vinkel ...

Speilbilda i vinduet endrar seg heile tida - ingen ting er likeeins. Omtrent som oss menneske dette - noen er åpne og syner fram alt,  noen er klåre og sterke, andre igjen er mørke og hemmelighetsfulle, atter andre tilpasser seg og speiler omverdas ønske. Og andre åpner opp og gir eit lite glimt av sine innerste tanker.