søndag 29. desember 2013

Veke 52

Eg  starta denne bloggen med eit uværsbilete frå Jæren - eit grått kornig foto med grov sjø og lågt skydekke.  I dag -siste dagen i veke 52 - er eg attende på same staden ved Reve havn. Veret har vore omtrent det same denne siste veka av 2013 som første veka i- regn, regn og atter regn og kraftige vindar.  I dag stilna det og letta opp litt. Vindretningen har vore meir søraustleg i det siste og det var ikkje vidare bølger. Lyset var nyansar i grått.

Det er utfordrande å fotografere i slikt lys. Ofte blir det berre grått grått og kjedeleg. Denne gongen brukte  eg gråfilter for å kunne bruke lange eksponeringstider for å dempe og viske ut bølgene og framheve bølgebrotta. Det blir eit ansleis avtrykk av virkligheita - 30 sekund komprimert i eit bilete...


mandag 23. desember 2013

Veke 51

God Jul!

Veke 50

I alle fall for ei stund er vinteren på besøk med kulde og snø.  Elva frys fort att på slike dagar.  Oppi fossen ved Smelthytta bygger vatn, snø og kulde flotte formasjonar.  Lange eksponeringstider drar ut vatnet og gjev det ein meir plastisk form.

søndag 8. desember 2013

Veke 49

Eigentleg burde eg ha rusla rundt i gatene på Røros og fotografert Julemarkedet. Men så blei det heller skitur utmed Femunden og Synnervika på ettermiddagen. "Naturen er enklere å omgås med enn mennesker...." som ein norsk popartist uttala nyleg.

Nyanskaffa gråfilter gjorde at eg kunne prøve ut lange lukkartider - biletet er tatt på 30 sek og med liten blendaråpning.

Ei fredeleg stund derute på Sandodden. At så mykje natur kan vere så roleg  - kun ein ravn  braut stilla.  Frå isen som låg lengst inne i Synnervika small og sang det nå og då etterkvart som temperaturen sank nedmot 20-talet. Den lille vindtrekken stilna og frostrøyk steig opp frå sjøen.  Ei tynn issnerpe hadde lagt seg inne i Synnervika då eg kom attende dit.  Kan hende blir det skøyteis snart?

I 2010 var eg på omtrent same staden og fotograferte.  Då var det under 20 minusgrader og isen låg tjukk og trygg.  "Skøyteføret" var upåklageleg.  

tirsdag 3. desember 2013

Veke 47 og 48

I veke 47 blei det ikkje tid til å hente fram kameraet derfor to veker i eit.

Uti veke 48 tok det til å blåsa samstundes som vinden førte med seg snø. Og vind og snø gir liv til dei gamletømmerhusa i Sleggveien.  Strukturane blir framheva.  Fargane blir forsterka mot den kvite snøen. Den gråe hausten blir med eit "vindpust" erstatta av vinteren. Snøen legg seg oppetter veggane og husa blir lunare og lettare å varme opp.

Hitterelva har og fått eit anna uttrykk: Eit blågrått band smyg seg mellom snødekte steinar og bandet blir smalare og smalare etterkvart som is og snø et seg utover.  Om ikkje lenge forsvinn elvesusen for denne gongen.








Veke 46

Været er variabelt no - mildver og snø i nokre dagar blir avløyst av kalde dagar med temperaturar rundt ti minus.  Torvtaka er vassfylte og takdryppet frys fort til istappar.

Og istappane trivs i slik ver. Om dei ikkje "legg alen til sin vekst" så auker lengden med talrike centimetrar frå den eine dagen til den neste.  Og enkelte av dei nærmer seg bakken (iallefall når huset er lågt og det er tilgang på vatn).

Ein ny mildversperiode set ein stoppar for istappane si ferd mot bakken.  Om dei ikkje slepp taket og fell ned, rykker dei attende meir eller mindre til start att.



Veke 45

Sein ettermiddag i bakgården - kveldshimmelen speiler seg i dei gamle glasa på uthusa og tryller fram rare figurarer og former. Mykje liv i slike gamle glas!

tirsdag 5. november 2013

Veke 44

Korte dagar - mørkt når eg går på arbeid og skumt når eg kjem heim. Ei roleg tid på året dette.

Veke 43

Jærstrendene er viktige for meg – og er eit evigvarande savn busett som eg er langt unna, høgt til fjells, inni landet nær Taigaen.


 Alle besøk til Sandnes inkluderer ein tur ut til «havet» som er synonymt med Revtangen og strendene der. Når haustvindane legg opp tare og tang på stranda, blir det god mattilgang for dei mange vadefuglane som trekker forbi her.

Denne dagen seint i oktober var sjøen roleg.  Største del av haustrekket har passert. Nokre måker, skarvar og havsuler flyg forbi.  Ein flokk vadarar er att og leiter etter mat på stranda og i tarehaugane – furasjere som det heiter på fagspråket!  Her er dei fleste vanlege artane: Myrsnipe, polarsnipe, lappspove, sandløper og steinvender – dei fleste med hekkeplass langs Sibirs kystar eller Grønland.