fredag 29. mars 2013

Veke 13

Vekas bilete er eit forsøk på å ta vidare ei minneverdig stund ein tidleg marsmorgon ved Revholstjønna nedom Dalsnuten - ein fjelltopp utom Sandnes med utsyn utover Jæren, Nord-Rogaland, Ryfylke, Nordsjøen......

Enno ligg isen tjukk. Nattetemperaturen var nede i minus 8 grader denne natta - kaldt til mars å vere. Sola stig over fjella og solvarmen gir lyd til isen.  Høyrer det på veg ned frå Dalsnuten.  Umerkelege små knepp, lågmelte sukk, smell som rifleskot - kraftge drønn som ber over vatnet og utover dei brunsvidde lyngheiane. Så meir lågmelte lydar som stig og synk - akkurat som isen syng solas pris eller er det ein klagesong?  

Blir sittande i strandkanten lenge og lar meg fasinere av denne naturkonserten - det er vinter og vår som utkjemper ein kamp.  Enno er isen tjukk og går av med seieren denne morgonen- men resultatet er heldigvis gitt.

søndag 24. mars 2013

Veke 12



Eg er attende på Jæren.  Starta tidleg torsdag morgon frå Røros; temperaturen var nede i 27 kalde grader fleire stader langsetter Femunden. Det kunne blitt eit bilete av Sølen - mektig og kvitkledd i sørenden av Femunden.  Men eg endte opp med ei stemningsstund på Borestranda - frå blåtimen her utmed havet. Sola har nett gått ned og farger himmelen med eit uendeleg antal nyansar i rødt og gult.  Den rolege havflata speglar himmelen. Små bølger vasker inn over sandstranda, fukter sanda slik at  fargana på himmelen skin her og. Det er roleg - høyrer bølgeskvulp avløyst av bruset når ei større bølge bryt innover.  Små tjeldflokkar flyg forbi og varsler vår og varmare tider. Kakling frå grågjess som trekk ut til nattekvarter på holmane utom stranda.

Så tetner natten
inn over øen,
kun havet buldrer -
Nirvanas bulder.
(Knut Hamsun) 

torsdag 14. mars 2013

Veke 11


Vårteikn er det mange av no: Sola varmer, oppe i kjerketårnet er kaiene i gang med vårkurtisen, kjøttmeien syng og dagane blir lengre. Store mengder tullipanar og påskeliljer som er til salgs for ein slikk og ingenting er og eit slags vårteikn. 

For meg er påskelilje ein vårblomst. Men det er ikkje barndommens blomstrande påskeliljer eg tenker på når eg kjøper ein stor bukett. Tankane går attende til 2007 - til den spanske fjellkjeda Picos de Europa. Eg var på sykkeltur frå Lisboa til Bilbao og var i ferd med å krysse fjella for å kome ut til kysten. Her kjem eg til ei mark ved kraftmagasinet Embalse de Riano i 1000 m høgd - dekka med blomstrande påskeliljer, gult gult gult - ja eit verkeleg minneverdig syn. 

søndag 10. mars 2013

Veke 10


Tidleg marsmorgon. Forrige veke blei avslutta med eit snøver som kan bli ein del av manns minne - deretter eit par dager mildvær før kulda la seg over fjella. Eg gjekk ut i halvsjutida lørdag morgon for å oppleve og "dokumentere" soloppgangen. Fargane er på sitt mest kalde og intense i det sola renn. Rett kaldt var det og -  minus 30 og ein vindtrekk som la røyken flatt ut frå pipene.

Fyrste stopp var Raudbrua.  Kurantgården ligg flott til høgt over over Hitterelva.og er eit spennande motiv saman med dei andre minnene frå den tida det var virksomhet i smelthytta. 

Desse låge nattetemperaturane kan virke dramatiske.  Men temperaturen stig om kapp med sola utover dagen. Denne lørdagen var det bare fire fem kuldegrader midt på dagen.