onsdag 26. juni 2013

Veke 25

Det er gult her nå - ballblom, bekkeblom, engsoleier, løvetann.... Kom og sjå!











mandag 17. juni 2013

Veke 24

Der Nyveien mot Sundet blei lagt om for ein del år sidan har det vokst opp ei eng med myrull i vegkantane.  Eller kanhende er det rettare å sei eit hav av myrull - for når vinden sveiper over duver myrulla som bølger på havet 

Ei lita kveldsstund her i vegkanten med “tungt” fotoutstyr - forbipasserande bilister senker farten og lurer på..nok.

Prøvde med ulike lukkertider for å få til bevegelsene når vinden sette liv i myrulla og telelinse for å få fram volumet eller mengden.

For meg er myrull synonymt med Jæren og torvmyrane der men eg måtte til Hans Børlis rike for å finne eit dikt om myrull.

JEG HAR SETT DET
av Hans Børli

Jeg har sett det:
Myrull
som kloder spunnet av lys,
mjukt svaiende på stilken
over vasne, fjorgamle spor
i måsan på myrene.

Veke 23

Oppussing av eit gamalt hus og jobb gjer at eg kjem litt bakpå med prosjektet mitt no. Denne veka blei det sundag kveld utan at eg hadde tatt eit einaste bilete, og det til tross for at det er ein blomsterflor av dei sjeldne no. Det endte opp med ein tur rundt området mellom Malmplassen og Slegghaugane: Kølplanken. "Kølplanken er nevnt første gang i 1671, "arbeide paa den neuen Kolplatz". Området innenfor kølplanken var kobberverkets lagerplass for nødvendige driftsmidler, køl og røstved. Portene i gjerdet var forsynt med solide lås. Inne på området var det tre lange og høye bruer som kølkjørerne tippet lassa fra. I 1827 ble det bygd et eget kølhus ved siden av kølbruene. Området har endret bruk ettersom nye driftsteknikker ble tatt i bruk. Endestasjonen for taubanen ble lagt til området, og da sirkelsaga kom på 1920 tallet ble den plassert her." www.regjeringen.no/upload/MD/2013/horinger/.../Malmplassen.pdf‎ 

Planken rundt er eit  spennande og utfordrande fotoobjekt.  Og som mange gjerder og murer set dei fantasien i gang - Kva er det på andre sida? Kva om me reiv ned gjerdet? Kanhende kan dette sitatet av denne amerikanske poeten  Robert Frost passe:  Riv aldri ned et gjerde før du vet hvorfor det ble satt opp


onsdag 5. juni 2013

Veke 22

Det er mykje med gamle hus. Denne veka har eg "utforska" planteveksten på husa i nabolaget som alle er  bygd på 1800-talet. Og det er ikkje få planter som finn ein levestad på tømmerhusa. No tenkjer eg ikkje på torvtaka men på veggene; mellom stokkane, på novene (hjørnene)  - moser, lav, sopp og grasarter. Spesielt på sør og vestsida er det gode veksestader; solvendt, varmt, i ly for dei kaldaste vindane og ikkje minst fuktig under eit takdrypp frå torvtaket.

Det kan verke sjarmerande med litt mose og gras innimellom stokkane. Men vekstane er med på å bryte ned tømmeret og husa og er eit signal til huseier om å passe på hust sitt!