fredag 24. mai 2013

Veke 21

Jo meir eg fotograferer jo større respekt og beundring får eg for fotografer som tar gode bilete.  Trua på å ta eit perfekt foto i forbifarten har eg ikkje lenger. Skal det bli gode bilete krev det planlegging, tålmod og ikkje minst tid.  Vekas bilete er eit godt døme på dette.

Før jobb var eg på ein morgontur oppetter Hitterdalsvassdraget for å observere dyre- og fuglelivet. Kameraet hang på skuldra då eg sette meg ned i vasskanten og retta blikket utover vatnet kor fleire horndukkarpar låg. Plutseleg høyrte eg pusting og plasking i vatnet og ein oter dukka opp. Og her er biletet som kom på minnebrikka - tatt eit tidels sekund for seint og eit godt døme på at gode bilete krev planlegging og hardt arbeid.

Veke 20

17.mai!

tirsdag 14. mai 2013

Veke 19

Tida mellom at snøen smelter og det blir grønt - våren på Røros - er ei grå årstid.  I år smelta mykje snø rundt første mai.  Og det er vel ikkje håp om at me ser grønskjer med det første sjøl om dei første vårpengeurtane kikker fram på lune stader.

Forrige veke var eg på kysten. Havet er blått, blågrått, grågrønt, turkis og skummande kvitt. Vårvatnet som fyller opp Hyttelva (Hitterleva) gjennom Røros, har ein heilt annan farge - meir neddempa. Her er  bruntonane - humusfargane - dominerande.  Og fargane står på mange vis i stil med industrilandskapet langs Hyttelva.

søndag 5. mai 2013

Veke 18


Biletet denne veka skulle kome frå fuglefjellet Runde sørom Ålesund. Ein lundefugl skulle vere motivet.  Men veret ville noko anna.  Blaut nysnø i mai (!) og elles dårlege forhold gjorde det ikkje tilrådeleg å gå ut i lundeura. Derfor blir det eit bilete frå Godøya litt lenger nord.

1.-og 2.mai blåste det godt på kysten. Grov sjø vaska inn mot land - den eine bølga større enn den foregåande.  Så ei lita ei - eit kvileskjer for å kunne bygge opp ei ny stor ei - større enn alle dei foregåande.

Det er fasinerande og spektakulert å sjå havet bli knust mot skjera og stranda. Det er som om eventyret om dei tre Bukkane Bruse har gått i "loop" - det kjem stadig ei bølge som er større og "farlegare" enn den førre. I alle fall gjorde det det den timen eg sat på sørvestsida av Godøya denne maidagen.