Tidleg marsmorgon. Forrige veke blei avslutta med eit snøver som kan bli ein del av manns minne - deretter eit par dager mildvær før
kulda la seg over fjella. Eg gjekk ut i halvsjutida lørdag morgon for å oppleve og
"dokumentere" soloppgangen. Fargane er på sitt mest kalde og intense i det sola renn. Rett kaldt var det og - minus 30 og ein vindtrekk som la røyken flatt ut frå pipene.Fyrste stopp var Raudbrua. Kurantgården ligg flott til høgt over over Hitterelva.og er eit spennande motiv saman med dei andre minnene frå den tida det var virksomhet i smelthytta.
Desse låge nattetemperaturane kan virke dramatiske. Men temperaturen stig om kapp med sola utover dagen. Denne lørdagen var det bare fire fem kuldegrader midt på dagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar