tirsdag 29. oktober 2013

Veke 42




På Røros er det ikkje mange lauva att på buskar og tre og vinter og snø er like om hjørnet. Eg har reist på ein liten hausttur til Sandnes og her var hausten framleis fargerik - her ein fargerik busk i hagen heime på Sandnes.

Veke 41

Det er noko fasinerande med Sextus - eit industriminne som lever sitt eige liv fristilt frå vernemyndigheter og ditto antikvararar.  Sakte brytes bygningane ned og er på veg - bit for bit eller fiber for fiber - inn i det store evigvarande kretsløpet.  Og frå gruvehola kjem det ut vatn med kobber, sink, jern og andre tungmetall.  Legg seg som belegg på steinar og bekkebotnen. 

I ei tid kor me tenker me har kontroll på forureininga så er deler av Nordgruvene eit bevis på det motsette.  Avrenninga frå dei talrike gruvene her: Sextus, Arvedal, Kongens, Fjellsjøgruva gjer at vassdraget med den store Orvsjøen er så forureina at fisk ikkje kan leve her.

mandag 14. oktober 2013

Veke 40


Ei kveldsstund på Einarvola i blåtimen - sola har nett blitt borta bak fjella vest i Forellhogna.  Den klåre haustlufta endrar landskapet og fjella blir større, kjem nærare og stig fram klårare.  Blålyset smyg seg sakte opp og fram.   Frå her eg står ser eg mot Hummelfjellet, Tron, Sølenkletten og Rondane i sørvets; blåne på blåne.  Det er bokstavleg talt blå oktober no.