For tredje år på rad arangerte eg grunnkurs i kajakkpadling på Røros; fem deltakarar og Leif Tofte frå Trondheim som instruktør. I år hadde
eg med meg fotoapparat - ei utfordring det når ulike redningsteknikkar
inngår i kursprogrammet og sjansen for ein velt er tilstades. Men eg
kom “tørrskodd” frå det og fekk mine bilete.

Første dagen var det
gjennomgang av grunnleggande teknikkar i fint vindstilt rørosver på
Gjettjønna. På dag 2 forflytta me oss til Synnervika. Me hadde knapt fått
kajakkane utpå Femunden før himmelen åpna seg. For ei stund var det meir
vatn i lufta enn i Femunden. Fasinerande å sitje i kajakken når
veret er slik - ein sit tørt i ei verd som er så blaut så blaut.

Og
kurset var vellukka - eskimopadling, kanting, sculling, kameratredning,
åreposeredning, sidevegs forflytning og mykje meir - og ikkje minst god
stemning.
Hei du
SvarSlettJeg er nå inne og sjekker jevnt og trutt... Hvor blir det av uke 33, 34, 35, 36? :-)
Håper alt er bra.
Klem Gunnhild