Ei vekes kajakktur til Roslagens skjærgård i Sverige og til Ålands utrulege øyrike. Padling her kan anbefalas!! Det er "tusenvis" av holmer og skjer og ein kan sikkert padle i vekesvis og stadig finne nye stader.
Det
er avgrensa kor mykje fotografering det blir når ein sit nedi kajakken. Perspektivet frå kajakken – knappe meteren
over vassflata, ofte uroleg hav med skiftande perspektiv og horisontar – gjer det
vanskeleg å ta bilete. Og når eg denne gongen i tillegg padla på
eigen hand, var det ingen andre å fotografere heller. Bileta blir mykje frå land og med
bruk av fjernutløysar.

Fuglalivet var overraskande rikt på Åland med havørn, sjøorre, siland og terner som karakterarter. Sjøorren - ei and - hadde nettopp klekt og det var kull overalt. Fasinerande men rått å sjå korleis gråmåse og svartbak gjekk fram for å fange små ungar: Stupte gong på gong ned mot ungane som dukka. Så snart dei kom opp var måsen der, nytt dukk... og tilslutt plukka måsen opp og svelde ein utmatta unge.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar