søndag 5. mai 2013

Veke 18


Biletet denne veka skulle kome frå fuglefjellet Runde sørom Ålesund. Ein lundefugl skulle vere motivet.  Men veret ville noko anna.  Blaut nysnø i mai (!) og elles dårlege forhold gjorde det ikkje tilrådeleg å gå ut i lundeura. Derfor blir det eit bilete frå Godøya litt lenger nord.

1.-og 2.mai blåste det godt på kysten. Grov sjø vaska inn mot land - den eine bølga større enn den foregåande.  Så ei lita ei - eit kvileskjer for å kunne bygge opp ei ny stor ei - større enn alle dei foregåande.

Det er fasinerande og spektakulert å sjå havet bli knust mot skjera og stranda. Det er som om eventyret om dei tre Bukkane Bruse har gått i "loop" - det kjem stadig ei bølge som er større og "farlegare" enn den førre. I alle fall gjorde det det den timen eg sat på sørvestsida av Godøya denne maidagen.

1 kommentar:

  1. Ble en flott bilde det! Takk for trivelig besøk. G

    SvarSlett