Tidleg morgonstund på Korssjøfjellet. Kalenderen viser at mai er her snart, men framleis er det mykje snø. Frå aust kom ein kald vindtrekk og termometeret viste 8 kalde grader.Formålet med morgonturen var å fotografere Hummelfjellet og Skalet når dei første varme solstrålene treff fjella. Men som det ofte skjer - skyer i aust sette ein stoppar for det og eg endte opp med vintebilete som eg har ein del av allereie.
Det plar vere mange lydar - vårlydar - på denne tida som trane og rype. Men naturen var roleg - kun ein ringtrost sang vårens pris.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar