”Fra 1854 av skal der i Røros avholdes et marked der begynder næst siste tirsdag i februar Måned og varer til den påfølgende fredag.” Kongelig resolusjon, 1853.
Eigentleg har eg ikkje hatt noko spesielt forhold til martnan i dei åra eg har budd på Røros. Eg har med undring betrakta rørosingens opprømthet og barnslege iver når det nærmer seg denne vinterveka. Men eg må innrømme at eg lar meg meir og meir fasinere av martnan, av menneskemengden, dei mange ulike typane som er innom byen, det store vareutbodet og folkelivet - dei mange som skrur av tida og berre lever med.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar