tirsdag 19. februar 2013
INTRODUKSJON
Eg fotograferer ein del - men er "frustrert" over ikkje å kunne sette av nok tid til foto. Stort sett blir det fotografering i rykk og napp i forbindelse med helge- eller ferieturar. Fotografering blir i alt for stor grad eit overskotsfenomen.
For 2013 har eg sett meg eit mål om at eg minst ein gong i veka skal ta med kameraet ut - derfor tittelen på bloggen 2013 - veke for veke. Konkret for eigen del skal dette ende opp med ei fotodagbok med 52 dobbelsider - ei dobbelside for kvar veke med ein tilhøyrande kort tekst. Tema for bileta vil variere etter tid og stad, men målet er at eg skal bli meir bevist i val av motiv og tema. Bloggen er ein annan del av prosjektet - vise bilete på eit anna media enn eigen pc! Så langt er eg i rute og i løpet av kort tid skal eg ha lagt ut bilete og tekst slik at bloggen er oppdatert.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar