torsdag 17. desember 2015
søndag 29. desember 2013
Veke 52
Eg starta denne bloggen med eit uværsbilete frå Jæren - eit grått kornig foto med grov sjø og lågt skydekke. I dag -siste dagen i veke 52 - er eg attende på same staden ved Reve havn. Veret har vore omtrent det same denne siste veka av 2013 som første veka i- regn, regn og atter regn og kraftige vindar. I dag stilna det og letta opp litt. Vindretningen har vore meir søraustleg i det siste og det var ikkje vidare bølger. Lyset var nyansar i grått.
Det er utfordrande å fotografere i slikt lys. Ofte blir det berre grått grått og kjedeleg. Denne gongen brukte eg gråfilter for å kunne bruke lange eksponeringstider for å dempe og viske ut bølgene og framheve bølgebrotta. Det blir eit ansleis avtrykk av virkligheita - 30 sekund komprimert i eit bilete...

mandag 23. desember 2013
Veke 50
I alle fall for ei stund er vinteren på besøk med kulde og snø. Elva frys fort att på slike dagar. Oppi fossen ved Smelthytta bygger vatn, snø og kulde flotte formasjonar. Lange eksponeringstider drar ut vatnet og gjev det ein meir plastisk form.
søndag 8. desember 2013
Veke 49
Eigentleg burde eg ha rusla rundt i gatene på Røros og fotografert Julemarkedet. Men så blei det heller skitur utmed Femunden og Synnervika på ettermiddagen. "Naturen er enklere å omgås med enn mennesker...." som ein norsk popartist uttala nyleg.
Nyanskaffa gråfilter gjorde at eg kunne prøve ut lange lukkartider - biletet er tatt på 30 sek og med liten blendaråpning.
Ei fredeleg stund derute på Sandodden. At så mykje natur kan vere så roleg - kun ein ravn braut stilla. Frå isen som låg lengst inne i Synnervika small og sang det nå og då etterkvart som temperaturen sank nedmot 20-talet. Den lille vindtrekken stilna og frostrøyk steig opp frå sjøen. Ei tynn issnerpe hadde lagt seg inne i Synnervika då eg kom attende dit. Kan hende blir det skøyteis snart?
I 2010 var eg på omtrent same staden og fotograferte. Då var det under 20 minusgrader og isen låg tjukk og trygg. "Skøyteføret" var upåklageleg.

tirsdag 3. desember 2013
Veke 47 og 48
I veke 47 blei det ikkje tid til å hente fram kameraet derfor to veker i eit.
Uti veke 48 tok det til å blåsa samstundes som vinden førte med seg snø. Og vind og snø gir liv til dei gamletømmerhusa i Sleggveien. Strukturane blir framheva. Fargane blir forsterka mot den kvite snøen. Den gråe hausten blir med eit "vindpust" erstatta av vinteren. Snøen legg seg oppetter veggane og husa blir lunare og lettare å varme opp.
Hitterelva har og fått eit anna uttrykk: Eit blågrått band smyg seg mellom snødekte steinar og bandet blir smalare og smalare etterkvart som is og snø et seg utover. Om ikkje lenge forsvinn elvesusen for denne gongen.

Veke 46
Været er variabelt no - mildver og snø i nokre dagar blir avløyst av kalde dagar med temperaturar rundt ti minus. Torvtaka er vassfylte og takdryppet frys fort til istappar.
Og istappane trivs i slik ver. Om dei ikkje "legg alen til sin vekst" så auker lengden med talrike centimetrar frå den eine dagen til den neste. Og enkelte av dei nærmer seg bakken (iallefall når huset er lågt og det er tilgang på vatn).
Ein ny mildversperiode set ein stoppar for istappane si ferd mot bakken. Om dei ikkje slepp taket og fell ned, rykker dei attende meir eller mindre til start att.

Veke 45
Sein ettermiddag i bakgården - kveldshimmelen speiler seg i dei gamle glasa på uthusa og tryller fram rare figurarer og former. Mykje liv i slike gamle glas!
tirsdag 5. november 2013
Veke 43
Jærstrendene er viktige for meg – og er eit evigvarande savn busett
som eg er langt unna, høgt til fjells, inni landet nær Taigaen.
Alle besøk til
Sandnes inkluderer ein tur ut til «havet» som er synonymt med Revtangen og strendene der. Når haustvindane legg opp tare og tang på stranda, blir det
god mattilgang for dei mange vadefuglane som trekker forbi her.
Denne dagen seint i oktober var sjøen roleg. Største del av haustrekket har passert. Nokre måker,
skarvar og havsuler flyg forbi. Ein
flokk vadarar er att og leiter etter mat på stranda og i tarehaugane –
furasjere som det heiter på fagspråket!
Her er dei fleste vanlege artane: Myrsnipe, polarsnipe, lappspove, sandløper
og steinvender – dei fleste med hekkeplass langs Sibirs kystar eller Grønland.
tirsdag 29. oktober 2013
Veke 42
På Røros er det ikkje mange lauva att på buskar og tre og vinter og snø er like om hjørnet. Eg har reist på ein liten hausttur til Sandnes og her var hausten framleis fargerik - her ein fargerik busk i hagen heime på Sandnes.
Veke 41
Det er noko fasinerande med Sextus - eit industriminne som lever sitt eige liv fristilt frå vernemyndigheter og ditto antikvararar. Sakte brytes bygningane ned og er på veg - bit for bit eller fiber for fiber - inn i det store evigvarande kretsløpet. Og frå gruvehola kjem det ut vatn med kobber, sink, jern og andre tungmetall. Legg seg som belegg på steinar og bekkebotnen.
I ei tid kor me tenker me har kontroll på forureininga så er deler av Nordgruvene eit bevis på det motsette. Avrenninga frå dei talrike gruvene her: Sextus, Arvedal, Kongens, Fjellsjøgruva gjer at vassdraget med den store Orvsjøen er så forureina at fisk ikkje kan leve her.

mandag 14. oktober 2013
Veke 40
Ei kveldsstund på Einarvola i blåtimen - sola har nett blitt borta bak
fjella vest i Forellhogna. Den klåre haustlufta endrar landskapet og
fjella blir større, kjem nærare og stig fram klårare. Blålyset smyg seg
sakte opp og fram. Frå her eg står ser eg mot Hummelfjellet, Tron,
Sølenkletten og Rondane i sørvets; blåne på blåne. Det er bokstavleg
talt blå oktober no.
søndag 29. september 2013
Veke 39
Morgonstund på Langsvola mellom Røros og Tydal. Lauvet er vekke her oppe i 900 m høgd - landskapet er "fargelaust" og nakent. Snøbyger driv forbi men enda det blir lite snø på bakken. Oppe i Kjølifjella blir snøen liggande.
Ja det er grått her - men fargelausheten er fasinerande på sitt vis. Gir ein seg tid trer nyansane og sjatteringane i landskapet fram. Inni skogkrullane er det framleis farger på skrubbærlauvet. Ei og anna rogn med lau på lyser og opp. Myrene med sitt gulbrune tørrgras trer fram og skaper variasjonar.
Ein fjellvåk glir forbi, stopper opp, "stiller" på jakt etter eit eller anna levande på bakken. (Noko må han finne for han er på same stad på ettermiddagen og.) Nokre trosteflokkar - gråtrost og rødvinge - trekker forbi, skjeiner i veg på “trostevis” ... ... Eit par heipilerker gir lyd frå seg i det dei flyg over men ellers er det tyst. Naturen går på låggir no.

søndag 22. september 2013
Veke 38
Haust var temaet for fotograferinga denne veka. Tanken var å gjere noko utav lauvet som dett nå. Men eg endte opp med eit tradisjonelt haustbilete frå eit av dei finaste utsynspunkta i distriktet - ovom Oskjerka med utsyn sørover dalen. Det er vidt her, roleg landskap, godt å la blikket kvile - enten det er på Hummelfjellet, Glåma eller Tron der sør i horisonten. Haustfargane på fjellbjørkeskogen aner me så vidt mellom Hummelfjellets lavvidder og furuskogen ned mot dalbotnen.
søndag 15. september 2013
Veke 37
Veke 36

Hitterelva har fått renne “ufotografert” heile sommaren forbi huset mitt. Men elva har ikkje vore glømt - elvesusen er der heile tida og er vanskeleg å skru av.
Ein tidleg morgon klatrar eg ned og tar meg oppover langs elva eit stykke. Elva er langt snillare no enn då eg sist fotograferte her. Med stativ og lange lukkertider freister eg å feste morgonstunda til minnebrikka.
Veke 35
Ikkje så mykje tid til å fotografere denne veka. Kameraet blei tatt med på kajakktur på Femunden. Skydekket låg lågt, regn i lufta og grått og konturlaust. Ikkje før det tok til å mørkne skein det opp litt i vest og og eg knipsa mot horisonten på frihand og med lange lukkertider. Resultatet blei så som så men eg likte det!
Veke 34
Tur til Prestodden ved Femunden for å hente (eller plukke som mange seier) blåbær. Stor og fin bær overalt; det blir nærare 15 liter før eg gjer meg. Koselegt arbeid.
Det er no likevel kveldsstunda med bål og “havblikk” utover Femunden som gjer turen minneverdig. Tida stopper opp - det er nesten stilt; svak motorlyd frå ein båt på andre sida av sjøen, småspovar på trekk sørover fløyter til kvarandre; det er dei siste som gir seg i veg no. Ei og anna strandsnipe blander seg inn i koret. Når mørket sig på høyres storlomens knurrende lokkelyd - kaorr kaorr... utpå sjøen. Ein lom drar og til med det karakteristiske og klangfulle ropet før det blir heilt stilt. Ein god og trygg stillhet.
Veke 33
Eg er medlem i Warm Showers - a community for touring cyclists and hosts. Tanken er at syklistar kan treffe likesinna, bu hos dei eit par dager; dusje og vaske klede - luksus for ein touring cyclist! På mine sykkelturar har eg aldri nytta meg av tilbodet, men i løpet av åra har eg hatt fleire besøk.
Sist helg budde Sofie Vanmaele frå Antwerpen i Belgia her. Ho er på ein 45 dagers sykkeltur i Norge. Å sykle åleine synes nok mange er spesielt, og det er nok ein måte å reise på som ikkje så mange kjenner seg fortruleg med. Undervegs treff du mykje folk og kjem opp i artige situasjonar. I Trysil traff Sofie det ungarske fluefiskelandslaget som låg i treningsleir der. Ein stad rundt sørenden av Femunden fekk ho oppleve ein moskus som kryssa vegen like framom seg. Frå Røros gjekk turen vidare mot Trondheim over Langsvola.

Abonner på:
Innlegg (Atom)