Morgonstund på Langsvola mellom Røros og Tydal. Lauvet er vekke her oppe i 900 m høgd - landskapet er "fargelaust" og nakent. Snøbyger driv forbi men enda det blir lite snø på bakken. Oppe i Kjølifjella blir snøen liggande.
Ja det er grått her - men fargelausheten er fasinerande på sitt
vis. Gir ein seg tid trer nyansane og sjatteringane i landskapet fram. Inni skogkrullane er det framleis farger på skrubbærlauvet. Ei og anna rogn med lau på lyser og opp. Myrene med sitt gulbrune tørrgras trer fram og skaper variasjonar.
Ein fjellvåk glir forbi, stopper opp, "stiller" på jakt etter eit eller anna levande på bakken. (Noko må han finne for han er på same stad på ettermiddagen og.) Nokre trosteflokkar - gråtrost og rødvinge - trekker forbi, skjeiner i veg på “trostevis” ... ... Eit par heipilerker gir lyd frå seg i det dei flyg over men ellers er det tyst. Naturen går på låggir no.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar