lørdag 13. juli 2013

Veke 28



Kajakktur på Lysefjorden. Lysefjorden – 45 km lang - ligg eit par mil aust for Sandnes og er for mange kjent for Prekestolen og Kjerag. Kajakkane – Vanntrivsel II og Vanntrivsel IV – blei satt på sjøen i utløpet av fjorden og med sol frå nesten skyfri himmel padla me – Øystein og eg - innover fjorden.

Naturen er variert – bratte skogslier, ein og anna gard oppi lia med sti og taubane som kontakt med verda. Bratte fjell med forrevne fjellsider – minner her og der om Finnmarkskysten med sine kjeiler. Andre stader går dei blankskurte grå fjellsidene heilt ned i fjorden.


Prekestolen høgt der oppe – masse folk sat på kanten – avisa meldte om at denne dagen var det fleire tusen der oppe. Sett frå ein kajakk kjennes det langt opp dit – mon tru om dei såg oss?

Andre stader ligg det gårder nede ved fjorden. På Kallali var me innom for å få vatn. Berre ein innbyggar er bufast her no – ho sa at det var ein trygg og god plass å bu. På andre sida av fjorden ligg garden Kallastein – fråflytta og til nedfalls.

Vi padla forbi Flørli – kraftstasjon no kjent for kunstgalleri, kafe og 4444 trapper langs røyrgata opp på fjellet. Ca ei mil frå Lysebotn snudde me og kryssa fjorden i passe motvind og bølger. Herleg når sjøane slår over kajakken!

På Songesand fann me teltplass og dagen blei avslutta på bryggekanten med reker, kongekrabbe og godt øl.

Neste dag var overskya med skyene trykka godt nedetter fjella. Ikkje før me gjekk på land i 14-tida letta dei. Hurtigbåtane gjekk i skytteltrafikk innom fjorden denne dagen – tydelegvis ein cruisebåt i Stavanger. Og me blei fotografert…..

Anna å nevne: Dyrelivet med havørn, ærfugl, teist og steinkobbe. Og sist men ikkje minst fargen på sjøen – turkisgrønt med eit gråskjer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar