Det kan verke sjarmerande med litt mose og gras innimellom stokkane. Men vekstane er med på å bryte ned tømmeret og husa og er eit signal til huseier om å passe på hust sitt!
onsdag 5. juni 2013
Veke 22
Det er mykje med gamle hus. Denne veka har eg "utforska" planteveksten på husa i nabolaget som alle er bygd på 1800-talet. Og det er ikkje få planter som finn ein levestad på tømmerhusa. No tenkjer eg ikkje på torvtaka men på veggene; mellom stokkane, på novene (hjørnene) - moser, lav, sopp og grasarter. Spesielt på sør og vestsida er det gode veksestader; solvendt, varmt, i ly for dei kaldaste vindane og ikkje minst fuktig under eit takdrypp frå torvtaket.
Det kan verke sjarmerande med litt mose og gras innimellom stokkane. Men vekstane er med på å bryte ned tømmeret og husa og er eit signal til huseier om å passe på hust sitt!
Det kan verke sjarmerande med litt mose og gras innimellom stokkane. Men vekstane er med på å bryte ned tømmeret og husa og er eit signal til huseier om å passe på hust sitt!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Likte dette. Klem og god natt fra HK
SvarSlett